Lions-klubbane i Midt-Gudbrandsdalen går saman
gjennom Lions Røde Fjær i ein bøsseaksjon for å
samle saman pengar til bygging av eit familie- og
kompetansehus på Beitostølen Helsesportsenter.
Aksjonen som tidlegare både har vorte omtalt i Kong Olavs nyttårstale i 1966 skal
igjengå av stabelen for å hjelpe Helsesportsenteret med å vekse.
Fysisk aktivitet som beste medisin
Beitostølen Helsesportsenter har eksistert i over 50 år, og har i alle desse åra gitt
unike tilbod til menneske med ulike funksjonsnedsettingar i alle aldrar frå heile
Noreg.
- Senteret har vore banebrytande i å bruke idrett og fysisk aktivitet som både
verkemiddel og mål i rehabilitering og læring, og gjennom forsking og innovasjon er
det vorte bygd opp ein unik kompetanse på feltet, seier direktør ved Beitostølen
Helsesportsenter, Astrid Nyquist.
- Beitostølen Helsesportsenter arbeidar for at alle funksjonshemma barn skal ha
likeverdige moglegheiter, uavhengig av funksjon, etnisk bakgrunn og bustad, fortel
Kari Skuthe Smestad. koordinator i Global Service Team Lions og sekretær i Lions-
Club Ringebu-Fåvang.
Gjennom mange år har dei sett av fysisk aktivitet er beste medisin for nesten alle
slags funksjonshemmingar.
Grunnfilosofien til grunnleggjar av Beitostølen Helsesportsenter, Erling Stordahl, er
bærande prinsipp for institusjonen, enda 50 år etter senterets start. Stordahl hadde
alltid ukueleg tru på at store ting ville kome til å skje og eit ufråvikeleg søkjelys på å
sjå moglegheiter framfor avgrensingar, også når han hadde dei største og
vanskelegaste utfordringane i livet.
- At filosofien til Erling Stordal lever vidare har vore avgjerande for suksessen og
utviklinga av senteret, det å alltid ha fokus på kva du som menneske kan få til på
tross av, framfor å kun ha fokus på kva du feilar eller ikkje kan gjere er ei rettesnor
for oss alle, fortel Nyquist.
50 millionar til barna
Og det er nettopp denne filosofien som gjer at Beitostølen Helsesportsenter skal
utvidast ved hjelp av Lions Røde Fjær; for å hjelpe og sjå moglegheiter framfor
avgrensingar. Formålet er eit bidrag til dei sårbare; barn med funksjonsnedsettingar.
- Mange funksjonshemma barn får via kommunehelsetenesta tilbod om eit tre
vekers opphald på Helsesportsenteret. Små barn må ha føresett med. Det kan vere
vanskeleg der det kun er ein forsørgjar og fleire barn. Da må andre mindreårige
barn vere med, og det trengs større rom, fortel Skuthe Smestad.
Ho håper så mange som mogleg i Midtdalen vil delta på aksjonen som går av
stabelen som ein dør-til-dør bøøseaksjon 11.-13 februar, så Lions kan nå målet sitt
på å samle 50 millionar kroner for å utvide tilbodet oppe på Helsesportsenteret.
- Samarbeidet med Lions Norge, og dei innsamla midlane frå årets Røde Fjær aksjon
er veldig viktig for oss og mogleggjer ei utbygging på Helsesportsenteret som elles
hadde vært svært vanskeleg å få realisert.. Vi har planar om eit familiehus med 12
nye familieleilegheiter, fellesrom og leikeareal for barna. Vi er godt i gang med
prosessen, og vi håper å kome i gang med bygginga i løpet av juni, fortel Nyquist.
Ho fortel ivrig vidare at familiehuset gir både større fleksibilitet og tryggleik i
førehald til å fylle avtalane dei har med dei regionale helseføretaka, i tillegg til at dei
får moglegheit til å gi enda betre tilbod til dei svakaste og dei som treng aller mest,
og er avhengige av å ha fleire rundt seg.
Lang historie
Fyrste gong Røde Fjær-aksjonen vart gjennomført i 1966, da Erling Stordal ønskja å
bygge helsesportsenter for personar med nedsett funksjonsevne - det som skulle bli
Beitostølen Helsesportsenter. Hjelpa fekk dei, og samla til saman inn 8,2 millionar
kroner, som nå i dag er make til omlag 88,5 millionar kroner.
I 2018 vendte Beitostølen Helsesportsenter seg nok ein gong til Lions og spurte om
ein ny Røde Fjær-aksjon, til utbygging av eit nytt kompetansesenter og familiehus
på staden.
Sidan oppstarten 7. november 1970 har Helsesportsenteret hatt over 30 000
brukarar på opphald, omlag 850 brukarar på opphald årleg, i tillegg til familie og
følgesveinar. I tillegg er omlag 250 studentar og 250 fagpersonar frå heile landet på
opphald på senteret kvart år for å få auka kunnskap, kompetanse og fagleg påfyll.
I tillegg til å vere ein ideell landsdekkande stiftelse som gir re-/habiliterings-tilbod
til alle som treng det i to til fire veker utan eigenandel, er også Helsesportsenteret
ein godkjent forskingsinstitusjon. Senteret har også eit stort samfunnsansvar av
deling av kompetanse med studentar og fagpersonar ute i lokalmiljøa.
Paraidrettens vogge
- Med tittelen «Små helter - store drømmer» skal barna i framtida få anledning til
den aller beste starten på sin «meistringskarriere», legg Nyquist til.
Og det er nettopp dette senteret har stort fokus på; Beitostølen Helsesportsenter
er Paraidrettens vogge. Til veka går ferda til VM i Snøsport for parautøvarar på
Lillehammer.
- Vi skal delta på opningsseremonien, og møte sentrale aktørar i feltet. Men aller
viktigast er vår medverking i arrangementet, med kompetanse på aktivitet,
aktivitetshjelpemidlar for parautøvarar. Vi er også svært spente på og glade for at
Norges Idrettsforbund skal legge fram sin nye heilskaplege satsing på dette feltet
under VM på Lillehammer. Der håper vi å kunne bidra ytterlegare til rekruttering og
likestilte moglegheiter for alle, avsluttar Nyquist.